Seinsommartur til Severinbrauta i Eidsdal

Ørsta Sogelag på sommartur til Severinbrauta i Eidsdal

 

Då Nelly Veiberg, den einaste etterkomaren etter folket på husmannsplassen Severinbrauta i Eidsdal i Nordal kommune, døydde i 1995, etterlet ho seg ein kulturhistorisk skatt som er eineståande i Noreg. Med sin førindustrielle levemåte hadde ho budd åleine på Severinbrauta heilt fram til det siste. Samfunnet rundt henne hadde endra seg dramatisk, men tida hadde stått stille på denne spesielle staden..

 

Søndag 18. august planlegg Ørsta Sogelag å besøke husmannsplassen Sverinbrauta i Eidsdal. Her får me eit svært godt innblikk i korleis tilværet var for folk flest for 100-150 år sidan, dokumentert både gjennom bygningar, kvardagsutstyr, tekstilar, bilete og brev. Og på ein veldig fin måte viser alt dette korleis samfunnet i Noreg har endra seg frå ca. 1870 fram til i dag.

 

 

 

Sidan alt på garden har vorte teke vare på, får vi eit blikk inn i korleis det var før, kva som har vorte betre – og kva som er gått tapt. Både bygning og interiør, og særleg tekstilane, er kulturhistoriske skattar.

 

På den menneskelege sida kan historia til Severinbrauta, mykje likt andre sine skjebner på 1800-talet, kort skildrast slik: Oline Marta Nilsdotter Kleiven frå Kleivahaugen i Eidsdal og Severin Osvik frå Osvika gifter seg i 1872, og dei etablerer Severinbrauta, ein husmannsplass under Oppigarden på Veiberg i 1870-åra.  Frå 1872 til 1884 får dei sju born: Nikoline, Ole, Torine, Inger, Susanne Marta, Ole Martinus og Pernille. Rundt hundreårsskiftet reiser brørne, Ole og Ole Martinus, kvar for seg til USA. Søstrene tek teneste rundt omkring i distriktet. Alle søstrene bur periodevis på Severinbrauta, og ingen av dei vert gifte. Der driv dei sjølvbergingshushald og tek på seg arbeid med spinning og baking, potetopptaking og anna arbeid rundt i bygda. Susanne får dottera Nelly utanfor ekteskap i 1915. Pernille, Torine og Susanne døyr i 1965-66. Nelly vert att åleine på Severinbrauta og døyr i 1995.  Det finst ingen etterkomarar. Staten overtek arven etter Nelly, med gard, bygningar, innbu og pengar. Alt vert seinare overført til Norddal kommune som vidare skal forvalte plassen. I 1998 vert Stiftinga Severinbrauta oppretta. Målet er å gjere heile plassebruket til ein formidlingsstad.

 

 

Det er heilt spesielt at Severinbrauta, så lenge- og heilt uendra, vart driven som sjølvbergingsbruk. Kvinnene tok vare på alt, så historia frå etableringa i 1870-åra og fram til i dag er dokumentert gjennom kvardagsutstyr og andre gjenstandar, tekstilar, bilete og brev.

 

Frå det rikhaldige materialet på Severinbrauta kan vi lese tallause historier. Det er t.d. historia om norske husmannsplassar (det var tusenvis av slike i Noreg også på 1800-talet) og plassefolk sitt forhold til lokalsamfunnet. Det er også historia om det å vere fødd utanfor ekteskap, om Amerika-draumar og realiseringa av desse, om kulturlandskap og byggjeskikkar – og ikkje minst om kvinnene i nøysamt kvardagsliv og slitsam gjerning.

 

På Severinbrauta kan du m.a. sjå ei røykstove bygd saman med fjøs og løe. Ho er heilt intakt og har aldri vore modernisert. Ei anna stove er rekonstruert slik ho kan ha vore fram til 1960. Elles kan du sjå «Rommet med det rare i» – for Brauta-tausene tok vare på det meste, og her er det stilt ut noko av det. Utanfor på kan du sjå 6 dekar kulturmiljø: slåtteng på mura terrassar, bær- og frukthagar, urte- og staudebed og andre kulturskapte, praktiske innretningar.

 

Ørsta Sogelag planlegg slikt opplegget for seinsommarturen: På vanleg måte reiser vi i privatbilar frå Svendsengarden (oppsamling i færrast mogleg bilar). Avreisetid kl. 09.00. Ferje Festøy-Solevågen og Linge-Eidsdal. Omvising på Severinbrauta. Middag, kaffi og dessert i etterkant (ca. kl. 14.00) på Hesthaug gard. Heimreise via Liabygda og ferje til Stranda. Vidare køyrer me til Hellesylt, Tryggestad, Grodås – og tek Kvivsvegen til Ørsta. Påmelding innan søndag 11. august. Alle er velkomne. Sjå annonsen elles i avisa.