Haustmøtet 2013 til Ørsta Sogelag – «Gripen av Grønland» v/Turid Karlsbakk

«Gripen av Grønland» i fokus på Ørsta Sogelag sitt haustmøte

Ørsta Sogelag byd inn til haustmøte i Peisestova på Møre Folkehøgskule måndag 21. oktober.  Hovudposten på møtet vert ved Turid Karlsbakk under temaet: «Gripen av Grønland »:

Ved midtnatt mellom 13. og 14. juli 1927 la båten «Hird» frå land i Ålesund med seks fangsmenn om bord. Dei var klare til å erobre ukjende jaktområde i Eirik Raudes land på  Nordaust-Grønland og få oppfylt draumane sine om rask rikdom i dei vanskelege 20-åra også på Sunnøre. Men ikkje alt gjekk etter planen. Gjennom svært ugjestmilde møte med sterk storm og kulde og ekstremt vitnerver, fekk dei i over to år store utfordringar og fekk prøve ut eigne grenser både fysisk og psykisk.

Ein av desse mennene var Jonas Karlsbakk frå Mauseidvågen. Kvar dag skreiv han i dagboka si, og etterkomarane har i dag tettskrivne kladdebøker med verobservasjonar og dokumentasjonar over Jonas sine fantastiske jaktopplevingar. Alt gjev eit svært levande bilde av kva fangsmennene gjorde på Grønland – ikkje minst korleis dei overlevde i åra frå 1927 til 1930.

Turid Karlsbakk, dotter til Jonas Karlsbakk, fekk i 1990 vere med eventyraren Ragnar Thorseth på ein «fotosafari» i spora etter dei gamle fangstmennene på Nordaust-Grønland. Dette vart hennar livs seglas. Det vart eit gripande møte med historia til far hennar, ein far ho ikkje skikkeleg vart kjend med medan han levde, og det heile munna ut i den velskrivne og godt illustrerte boka, «Gripen av Grønland, i spora til far 63 år etter», som kom ut i 2012.

På møtet i Ørsta Sogelag vil Turid fortelje om faren sin oppvekst og bakgrunn, om motiva hans for å reise og utforske – og dei sterke opplevingane frå turane over havet til Jan Mayen og Eirik Raudes land på Grønland, skildra dagbøkene hans. Ho vil også fortelje om dei sterke inntrykka ho sjølv fekk på reise i faren sin fotspor. Me ser fram til alle desse spanande forteljingane.

Elles vert det musikalsk innslag på haustmøtet, og kaffi/te og kaker vert servert.  Me viser til annonsen elles i avisa. Vel møtt til medlemer og andre interesserte!