Årsmelding for Ørsta Sogelag 2009
Anne-Mari Øyehaug vart attvald som leiar i laget for 2009. Styret elles var Kåre Opsahl, kasserar, Else Åmbakk, nestleiar, Barbro Ose styremedlem, og Bjørn Krøvel, skrivar. Varamedlemer i styret var Håkon Høydal og Berit Hovde.
Revisor for laget i 2009 var Kari Dragsund og Terje Sunde. Valnemnd var Laila Bastesen og Gunnhild Dalebø. Eli Lannerholm og Kåre Opsahl representerte sogelaget i skriftsstyret for Ørstaminne. Ørsta Sogelag sin representant i referanse-/ressursgruppa for arbeidet med nærings- og kultursoga for gamle Ørsta kommune var Eli Lannerholm. Vararepresentant var Svein Ose. Ørsta Sogelag sine representantar i styret for Mellestiftelsen var Bjørn Vinjevoll og Mona Ryste. Dei vart valde for 4 år på årsmøtet i 2006. Varamedlem var Elling Dybdal.
I 2009 vart det i Ørsta Sogelag halde 6 styremøte og 4 medlemsmøte inkl. årsmøtet, vårmøtet i Aasen-tunet, haustmøtet på Brudevollen og julemøtet i Peisstova på Møre Folkehøgskule, alle med fagleg program. I tillegg vart det arrangert 3 fellesturar (tur til Dragseidspelet, Fyrmuseet i Dalsfjorden og til Aarflot-musea).
Styremøta i 2009 – og ulike saker til handsaming
Ørsta Sogelag hadde styremøte 12. jan., 16. mars, 4. mai, 3. sept. 12. okt. og 23. nov., alle i heimen til leiar Anne-Mari Øyehaug. Tema på møta var drøfting og klargjering av innkomne saker, utforming av høyringsuttalar, t.d. til Ørsta kommune, førebuingar til medlemsmøta, val av programinnslag og foredragshaldarar og planlegging av fellesturar m.m.
Ei viktig sak i 2009 var Ørsta Sogelag sitt skriv til Ørsta kommune om ikkje å ta bort budsjettgrunnlaget for stillinga til bygdebokredaktøren. Oppvekst- og kultursjefen skreiv i h-2009 at dei økonomiske rammene for sektoren i 2010 ikkje gav rom for vidareføring av bygdebokarbeidet. Ørsta Sogelag utforma straks ei sterk grunngjeven oppmoding til ordføraren om å ikkje å stogge arbeidet på denne måten. Bygdebokarbeidet måtte halde fram inntil gamle Ørsta kommune hadde fått si eiga kultur- og næringssoge – slik andre bygder alt har. Andre sogelag i Ørsta kom med tilsvarande uttalar. Til all lukke vart dette også utfallet i saka.
Medlemsmøte m/fagleg innhald og historieturar for Ørsta Sogelag sine medlemer i 2009
Årsmøtet i Ørsta Sogelag vart halde 2. mars 2009 i Peisestova på Møre Folkehøgskule med godt frammøte (49 deltakarar). Leiaren, Anne-Mari Øyehaug ønskte alle velkomne. Spesielt ønskte ho sin tidlegare lærar ved Volda lærarhøgskule, no seniorforskar Jostein Fet, velkomen som foredragshaldar på møtet. Første punkt på lista var årsmøtesaker: Bjørn Krøvel hadde skrive årsmelding for 2008 som vart opplest og godkjend. Ein representant på årsmøtet takka styret for stor breidde i aktivitetane og for mange fine møte- og reiseopplegg i regi av styret i året som gjekk. Kasseraren, Kåre Opsahl, la fram eit ryddig og solid rekneskap som årsmøtet straks godkjende. Leiaren i valnemnda, Laila Bastesen, presenterte valnemnda si innstilling til styre i Ørsta Sogelag for 2009. Det vart attval på alle i styret som stod på val, og Anne-Mari Øyehaug vart attvald som leiar på årsmøtet.
Jostein Fet sitt foredrag om ”Tunnamn på Sunnmøre” var høgdepunktet på årsmøtet. Det siste halvåret hadde Jostein arbeidd med å analysere tunnamn på Sunnmøre. Materialet hans er stort. Det femner om heile 18 kommunar, frå Volda og Ørsta i sør til Haram i nord, til saman ca. 4.700 namn. Størstedelen av folket i Noreg i eldre tid budde på større gardstun. Dei mange tuna i dalane, langs fjordane og ved kysten var heimstadane til folk flest, og tuna si lokalisering var avgjerande for all menneskeleg verksemd i mange hundre år, sosialt, kulturelt og økonomisk. ”Tunnamna er ein del av vår kulturarv som har vore lite påakta av namneforskarane”, presiserte Jostein. I foredraget sitt tok han utgangspunkt i dei typar av namn vi finn i mellomalderen, men som utvikla seg med garddelinga særleg på 1600-talet. Han delte tunnamna på Sunnmøre inn i sju grupper, med personnamna (t.d. Jogarden) og naturnamna (t.d. Rabben) som dei største. Men her er også yrkesnamn som Jordmorgarden, heimbygdnamn som Lesjagarden (Ørsta), retningsnamn som Framigarden o.l. Alle desse gruppene har vakse fram utifrå ulike føresetnader, men det er personnamna som reiser det fleste spørsmåla. Dei eldste tunnamna går attende til 1500-talet, men dei kan også vere frå 1900-talet. Gjennomsnittsalderen er ulik frå bygd til bygd, og Jostein drøfta og skildra fleire interessante årsaker til namna sine opphav.
Vårmøtet 2009. Ørsta Sogelag stod for eit vellykka fellesmøte i amfisalen i Ivar Aasen-tunet 1. april (55 frammøtte). Alle medlemene i sogelaga i Ørsta var inviterte. Desse 5 sogelaga tok del: Follestaddalen Sogelag, Hovdebygda Soge- og velferdslag, Hjørundfjord Sogelag, Hjørundfjord kulturvernlag og Ørsta Sogelag. Representantane fortalde om laget sitt, om arbeidet dei gjer, og gav interessant informasjon om laga sine arbeidsområde, saker og prioriteringar. Det var viktig slik å kome saman og utveksle tankar om nye oppgåver – og å styrke fellesskapet. Prosjektgruppa for nærings- og kultursoga i Ørsta kom med ideen på møte i 2008, og etter planen skal slike fellesmøte bli eit årleg tiltak. Hovudposten på fellesmøtet i Aasen-tunet var ”Fyr- og merkevesenet på Sunnmøre” ved Kjell Viken og Sverre Lillestøl som fortalde levande og viste bilete. Temaet var spesielt aktuelt, ikkje minst fordi svært mange sunnmøringar, spesielt voldingar og ørstingar, i tida frå ca 1860-70 og fram til århundreskiftet – og vidare utetter, var sterkt involverte i det store nasjonale arbeidet med å sikre skipsleia og den aukande trafikken langs den farefulle kysten vår.
Vårturen 2009. Søndag 31. mai (1. pinsedag) arrangerte Ørsta Sogelag fellestur til det kjende Dragseidspelet på Stad. Ørsta Sogelag har dei siste to somrane besøkt både Giskespelet og Herøyspelet på Sunnmøre, og dei sterke kulturopplevingane i vakker natur hadde gitt medlemane mange fine og varige minne. Det mektige friluftsspelet ”På Sverdeggja” på Dragseidet har grunnlag i vikingkongen Olav Trygvason si kristningsferd på Vestlandet i år 997, og det er skrive og instruert av den kjende dramatikaren Rolf Ljosnegård. Spelet hadde premiere i 1997 i høve 1000-årsmarkeringa for kristninga av Vestlandet. Medlemer og andre interesserte tok del på turen i rimeleg fint vårvêr (13 deltakarar) – og også dette spelet var ei stor oppleving.
Sommarturen 2009 gjekk til Fyrmuseet i Dalsfjord søndag 23. august (46 deltakarar). Arbeidet i Fyr – og Merkevesenet gjekk nærast i arv frå generasjon til generasjon i bygdene i Volda og Ørsta frå midt på 1800-talet. Av dokumentasjon på museet fins sjølvbiografiar, dagbøker med gripande kvardagsskildringar og arbeidsattestar heilt frå ca 1840. Museet har ei stor mengde bildemateriell, gamle foto som skriv seg frå både frå fartøy, fyr og hamnearbeid frå slutten av 1800-talet, og består elles av ei stor samling av teknisk utstyr og verktøy som har vore utskifta i Kystverket, m.a. gamle merkebøyer og stakar, lykteinstallasjonar, motorar og gamalt verktøy. Veteranbåten M/S Hindholmen gjekk frå Vikeneskaia i Volda, inn gjennom den vakre Dalsfjorden til Steinsvika og ut att til Fyrmuseet der det vart omvisning m.a. ved Kjell Viken, sjølv tidlegare skipper i Kystverket – og vår hovudguide under opphaldet. Turen med veteranbåten Hindholmen var ei kulturoppleving i seg sjølv.
Haustmøtet 2009 vart lagt til Nybygget på Brudevolltunet søndag 18.okt. (28 deltakarar) og det vart då sett fokus på åmdalingane Sivert Aarflot og Berte Kanutte Aarflot sine store nasjonale livsverk. I 2009 var det 250 år sidan den allsidige folkeopplysningsmannen Sivert (el. Sjur) Aarflot vart fødd (1759) og 150 år sidan dottera, salmediktaren Berte Kanutte Aarflot døde (1859). Lærar Kirsti Hansejordet fortalde interessant både om Sivert og Berte Kanutte sine viktige kulturarbeid i samtida. Vidare gjekk turen i privatbilar til Aarflot-tunet på Støylen og til Sivert Aarflot-museet på Ekset, begge stader med fine orienteringar ved Louis Tranvåg (i museet på Støylen) og Heidi Sletten (i museet på Ekset).
Julemøtet 2009 vart halde i Peisestova på Møre Folkehøgskule måndag 1. desember (59 frammøtte). Kåre Opsahl presenterte Ørstaminne 2009. Det vart servering av snittar, egg og laks og det vart sunge kjende julesongar. Hovudposten var ved lærar Ove Røv: ”Krigen i Ørstafjorden 05.12.1944”. Temaet var ikkje tilfeldig valt sidan dette skjedde svært nøyaktig for 65 år sidan. Aldri før og heller ikkje sidan har noko så skremmande og støyande skjedd i Ørsta: 15 kraftige krigsfly frå basen Dallachy i Skottland, med mannskap frå Australia og New Zealand, gjorde eit uventa og voldsomt angrep på tre tyske skip som hadde gøymt seg i Ørstafjorden. Følgjene av flyangrepa, som varte berre i 12 minutt, var katastrofale både for skip og mannskap. Også eitt av flya frå alliansen vart treft og styrta i sjøen. Ove Røv har skrive detaljert om dette i boka si ”Alarm i Nordvest”, og han fortalde levande og godt frå den svært skremmande hendinga.
Medlemer og økonomi: Ørsta Sogelag hadde per 31.12.2009 til saman 110 medlemer. Når det gjeld laget sin økonomi, viser me til eiga melding frå kasserar.
Ørsta Sogelag, 24. febr. 2010
Bjørn Krøvel/Skrivar