Nærings- og kultursoga i Ørsta v/Gunnar Ellingsen

Presentasjon av Nærings- og kultursoga i Ørsta på årsmøtet i Ørsta Sogeleg

Ørsta Sogelag arrangerer årsmøte i Peisestova på Møre folkehøgskule måndag 5. mars, og vanlege årsmøtesaker i laget vert gjennomgått.  Straks etter vert det arrangert fellesmøte med dei andre sogelaga i kommunen.

Hovudposten i denne delen vert presentasjon av nærings- og kultursoga i Ørsta ved vår dyktige bygdebokredaktør, Gunnar Ellingsen.  Kaffi/te og kaker vert servert, og me får musikalsk innslag ved vår kjære lokale trubadur,  Børre Lødemel.

Det er til stor glede for alle i Ørsta at det første av tre bind i nærings- og kultursoga no er sluttført av bygdebokredaktøren og komen i bokform!  For 20 år sidan vart det bestemt at både Vartdal, Hjørundfjord og Ørsta kommune skulle få ei kultur- og næringssoge, og Vartdal og Hjørundfjord fekk straks sine. Etter at Bjørn Jonson Dale gav ut ættesoga, var det klart for skriving av kultur- og næringssoga for gamle Ørsta, og Gunnar Ellingsen vart engasjert.

Gunnar har no fullført det første bindet, og mykje godt kjeldestoff ligg klart på bordet og i hyllene hans for skriving av dei to neste. Difor er det avgjerande viktig at arbeidet no vert vidareført, jf Stein Aam sitt intervju i Møre Nytt sist veke. Saka gjeld meir enn pengar og budsjett i balanse.  I vidaste tyding handlar dette om kommunen sin kulturelle og næringspolitiske identitet: Kven var dei? Korleis tenkte dei og kva gjorde dei utav sine liv under rådande omstende – dei første ørstingane i dei lange, tronge og harde tidene før oss? Kanskje kan me lære av dei – og kanskje kan vi innrette våre liv slik at nye tiltak i Ørsta kan blomstre – og nye verdiar vokse?

Historiske band bakover i tid kan ikkje klippast av.  Land, bygder og kommunar utan historie er verkeleg fattige!  Nye generasjonar må kunne få del i tidlegare kunnskap, innsikt, erfaringar og verdiar – og kunne sjå kva som vidare kan utnyttast i nye tider – med heilt nye utfordringar.  For komande generasjonar har me alle eitt felles ansvar:  å ta vare på vår lokale soge- og kulturarv. 

Kreative grep må no takast i kommunen.  Ansvaret for eventuell seinking i skrivearbeidet med kultur- og næringssoga bind II og III i Ørsta – eller i verste fall: tap av kontinuitet og kapasitet for fullføring, vil kunne bli ei tung politisk bør for involverte leiarar og politikarar å bere vidare.. Me gler oss til presentasjonen av bind I i kultur- og næringssoga for gamle Ørsta og ønskjer vel møtt til alle medlemer av dei lokale soge, velferds- og kulturlaga i Ørsta – og alle andre interesserte!   (Me viser elles til påminningsannonsen bak i avisa).

 

Styret i Ørsta Sogelag 01.03.12

 

Anne-Mari Øyehaug, leiar

Else Aambakk, nestleiar

Elling Henøen, styremedl.

Kåre Opsahl, kasserar

Bjørn Krøvel, skrivar